Har du gløymt at det skulle vere berre oss?
Eg har teke på meg den raude vinterkåpa,
den vert dekka med snø så fort at du ikkje ser meg lenger,
og snøflakene tynger ned augevippene mine og.

Me drøymer om sumar og om å bli brent på kragebein,
av maneter og av sol, me drøymer om å klora kvarandre opp,
men klarar ikkje noko anna enn å la vere.

Og det vert vanskeleg å pusta,
eg veit ikkje lenger skilnaden på opp og på ned,
og eg gløymer korleis eg skal gjere dette her,
så eg legg meg ned ved siden av deg og lukkar auga og sovnar og håper
at me kan sjå kvarandre i morgon,
at ikkje auga våre frys fast i løpet av natta.