Me bestemte oss tidleg for at det berre skulle vere meg og deg, så tre veker etter me flytta saman, kastrerte eg meg. Du pleidde meg, strauk meg over ryggen, gjekk ut av døra for å handla brød og ost på halv pris når dagen nesten var slutt, du laga mat til begge og me åt alltid i senga.

Fyrste gongen me låg saman, var du under meg, hoftebeina dine var blitt spissare på dei få vekene, og eg var blitt tyngre. Det låg avtrykk etter oss i senga etterpå, gulraudt, som eit betent sår.