Skrog / Casablanca

Skrog

Eg laga mat til deg,
strauk deg over øyreflippane,
tok oppvasken,
kjøpte med vin heim.
Eg bretta trusene dine,
sov i senga di,
tok med tannbørsten min i lomma og festa den til spegelen din. Eg røyka sigarettane dine,
åt opp maten din,
kapra den største puta.
Eg var vesleskei til du kasta meg ut.

Du gav meg blåmerke,
blærekatarr, blåmåndagar og
batt meg fast i ein metafor.
Du låste døra og holdt meg heime frå jobb
for å banne, leike, og klatre i trær.
Du kyssa meg med raudvinslepper,
gav meg dårleg ånde,
dårlege hårdagar,
og minner frå endelause netter då eg venta på deg
medan du var ute og blei gyllen på innsida.
Du gav meg hjertebank, sveittetokter, tårer og smil og
små kulehol og sprekker som eg prøvde å tette med gips,
men eg lekker framleis

///

Casablanca

Han har blomeskjorta på seg i dag og, den eg vaska på nitti grader for at den skulle passe meg betre. Etter tre vask en var den framleis for stor for begge.
Eg sa at eg ikkje var flau over han sjølv om skjorta ikkje passa, men begge visste at det var ei løgn, eg blunka då eg sa det høgt. Likevel haldt han fram med å komme, han tok med stearinljos frå IKEA og serviettar i alle slags fargar, ein for kvar dag. Han lukta godt og det sa eg ofte. Han berre lukka auga og smilte for seg sjølv, som om han visste det.

Me gav oss sjølve eit år på å komma gjennom boka “1001 filmar du må sjå før du døyr”
og kvar helg var til ein maraton, me sovna før sola i sofaen saman. Favoritten min var framleis Casablanca. Me såg den meir enn fem gonger og eg grein kvar gong av Ilsa, fordi eg kjende meg att i henne. Ho var og frå Oslo, kor ironisk tenkte eg, men eg håpte ingen andre såg koplinga.

Han laga mat til meg medan eg låg som eit slakt i sofaen og lata som eg ikkje høyrde kva
han ropte frå kjøkkenet. Eg sa eg måtte lukka øyra med q-tips for å verkeleg slappa av. Seinare bestilte han legetimar for meg i han namn, men eg dukka aldri opp til avtalt tid. Rekningane blei sendt til han, for verken NAV eller Lånekassen ville hjelpe meg når eg ikkje ville gå ut døra.

Ingen hadde fortalt meg at eg skulle ende opp så stusseleg, sitje bak lukka vindauge og
røyke sigarettar til auga mine byrja å renne, og eg måtte legge meg nedpå igjen. Han var aldri streng med meg, heller ikkje når eg brukte opp alt varmtvatnet, sjølv om han lukta sveitte.

Eg prøvde å pynte opp med poteter, tenkte at dei aldri rotna men dei skrumpa inn og
liknar til slutt på vorter som formerte seg og eg vart kvalm av å sjå på dei, men eg fann ikkje noko anna blikkfang, alt anna var dekka av røyk.