Freitagsfahren


Me skal berre kvile i ein time og
så er me klare for eventyr
på slettene.

Savannen har me forlatt.
No er me ikkje lenger åleine.

Ein mann

denne teksten vart skriven til litterær salong. ikkje ta alt for god fisk.

Eg vil ha ein mann, ein mann som kjøper meir dopapir før det er heilt tomt, ein mann som aldri gir meg visne blomar eller ferdigskrivne kort og som tenner stearlinljosa på soverommet med fyrstikker, og ikkje med lighter. Ein som ligg kalde klutar på panna mi når eg er sjuk, og som stryk meg over ryggen når eg er bekymra. Ein mann som for Guds skuld legg ned det fordømte toalettsetet, ein mann som lever på luft og loff og som seier at eg liknar på ein crossaint i Paris, på ein falafel i Jerusalem.

Eg vil ha ein mann som går på bussen først etter at dei andre har gått av, som bærer hunder og gamle damer over gata. Eg vil ha ein mann som lagar egg og bacon til frukost til meg kvar dag og som har så store hol i øyra at eg kan putte fingrane mine gjennom dei.

Eg kan ikkje tenkje meg ein mann som ikkje mauler brunostkuler, som ikkje snik på trikken, og som alltid taper i Trivial Pursuit.
Eg vil ha ein mann som drikk kaffien svart og som et maur om sommaren.

Eg vil ha ein mann som snakkar alt anna enn stavangerdialekt og som festrøyker kvar dag, som har stålull i verktøysskrinet sitt, som luktar tobakk og whiskey. Og han kjeldesorterer! Til og med hermetikkboksane! Og han har iMac og iPad og iPod og eit bilete av E.T. innramma på hedersplassen i stova.

Eg vil ha ein mann som tek med seg sparkesykkelen på byen og som låsar den fast til lyktestolpar, som dansar fugledansen medan han pusser tenna og som et skei etter skei med kanel utan å skjære grimaser. Han kan ikkje vere feit, nei nei, han må vere så flat at eg kan ta striper av kokain fra magen hans. Han kan trylle fram både katter og kaniner frå hatten sin, og han setter lønninga si inn på min brukskonto.

Han veit alt, også kor eg la nøkkelknippet og lommeboka og mobilen og småpengane og busskortet og lånekortet og leppomaden og flisklemma og han vaskar opp matboksen min kvar dag med gul zalo. Eg vil ha ein mann som limar mitt ansikt oppå kvinnefjesa i pornofilmane han lastar ned frå nettet og som seier at han ikkje klarar tenkje på nokon andre, eg vil ha ein mann som er som ein CD-singel, det er berre eit spor i hans hovud, men han blir aldri lei.

Eg vil ha ein mann som aldri seier nei, ikkje ein gong til Jehovas vitne.