Archives

Heime, borte, heime

heime Onklane mine har alltid lukta skog og snus, dei luktar nykutta ved og varme vaflar, gloheit kaffi og røyk frå einer. Dei skjær opp fenalåret med hender fulle av trevlar og hard hud, dei er aldri nybarberte, dei har alltid ullsokkar på. Dei ler med brune tenner og er stabeist heile gjengen, men eg …

Åleine saman

Me bestemte oss tidleg for at det berre skulle vere meg og deg, så tre veker etter me flytta saman, kastrerte eg meg. Du pleidde meg, strauk meg over ryggen, gjekk ut av døra for å handla brød og ost på halv pris når dagen nesten var slutt, du laga mat til begge og me …

Null ein

Har du gløymt at det skulle vere berre oss? Eg har teke på meg den raude vinterkåpa, den vert dekka med snø så fort at du ikkje ser meg lenger, og snøflakene tynger ned augevippene mine og. Me drøymer om sumar og om å bli brent på kragebein, av maneter og av sol, me drøymer …