Atlantis

Eg bur i eit stigande Atlantis, og skodar tilbake.
Eg skriv postkort og seier at eg kan plukka deg opp om ei veke.
Det plar ta ti dagar, du svarar aldri, så eg veit at du framleis er til.

Før jorda vart rund hadde eg besøkt alle hjørna,
frå aust til vest, til nord, til sør,
eg leita etter det eg fann og eg vart verande utan føtter,
utan røtter, utan kompass,
eg fann ikkje vegen heim.

Etterpå blir det mørkt

Bussen har ikkje byrja og køyre enno. Ruta byrjar ikkje før halv sju. Det er berre hundane, med søvnige menneske på slep, som er ute på denne tida av døgnet, i vannskille mellom natt og dag. Mørket og regnet gjev opp samstundes, og ein iskald marsmorgon er i tjømda. Helene sit ved glaset på kjøkkenet. Heller ikkje denne natta fekk ho blund på auga, så ho gav opp klokka fire for å roe seg ned litt. Ho vert så stressa av å ikkje få til å sovne, og vert irritert på at svevnen aldri kjem. Matpakkane til Oskar og Eirik er allereie smurt, ho har fylt på kaffikanna og dekt på kjøkenbordet. Akkurat no stålset ho seg for at vekkarklokkene snart skal byrja og ringe.

I fyrste etasje i rådhuset sitt Helga. Det har ho gjort i ni timar om dagen, i trettifire år. Ho får berre betalt for åtte, men ho vaknar så tidleg, og syns det er greit å vere den som låsar opp om morgonen. Kommunen har nytt godt av innsatsen hennar, tenkjer ho ofte og har bestemt seg for å bli der i seks år til. Då vil ho nå pensjonsalderen og i tillegg kanskje få ei klokke eller eit fint måleri som takk. Mannen hennar hadde kontor tre etasjar ovanfor henne, før han drukna i fjorden for fem år sidan. Fiskeulykke. Sånn gjekk det når ein vog tjue kilo for mykje, var det første Helga tenkte då presten og lensmannen frå nabobygda kom på døra. Helene dukka visst ikkje opp i dag heller. Helga var overtydd over at Helene måtte vere fødd som kronisk optimist. Ho var berre lerkeblid. Så var ho blitt sjukemeldt på grunn av ein infeksjon eller kva det no var. Sånn kunne det gå, tenkte Helga, takksam for at si eiga helse var god, og tok ein stor sup av ein kaffikopp som ikkje hadde vore vaska ordentleg på fleire veker.

Då Helene var seksten sat ho på kjøkenet og prøvde å gjere seg usynleg. Ho smuglytta på kjerringpratet mellom mora og syklubben hennar. Konene klaga over at det var heilt umogleg å få familien til å gjere slik som dei ville. Borna kasta alle klærna på golvet og mannen ville ikkje prate om anna enn at dei burde kjøpe ny bil til våren. Då Helene møtte Mads, vart ho overraska over at det ikkje var heilt slik som ho var førebudd på. Mads og ho kunne prate mykje og lengje, gjennom natta og endelause timar på kafé og benker i parkane. Der hadde dei diskutert politikk, religion, sex, alle desse tabua som ho ikkje hadde våga å nemne for nokon før. Ho hadde kjent seg så stolt og så heldig over å ha funne Mads. Dei siste åra hadde han ikkje eingong ville fortalt ho kva han stemte på ved kommunevalet.

Mobilalarmen til Mads byrjar å pipe på soverommet. Ho høyrer eit grynt, og går opp i andre etasje for å vekke Oskar og Eirik. Dei søv djupt, som unge gutar gjer. Ho ristar lett i dei, seier at dei må stå opp, klokka er over åtte. Dei stønnar og sukkar og okkar seg, og ho ser ned på desse klonane av mannen sin. Dei er så like, med det same håret, same nasen, same latskapen. Helene og Mads har vore gift i femten år no. Dei flytta heim til hennar bygd rett etter hans siste eksamen og gifta seg same hausten. Han fekk jobb i sparebanken, medan ho sit i administrasjonen i kommunehuset. Mykje papirarbeid på begge to. Overkvalifiserte.

Ho går ned til kjøkkenet att, det rister litt i veggane i det nokon der oppe drar i snora og skrur på krana. Eirik og Oskar kjem buldrande ned trappa. Eirik kjem fyrst fram til brødkorga, tek seg ei skive, med alt for mykje syltetøy og et ho i to jafs. Oskar gjer det same. Dei et ståande, utan fat, slik at brødsmulane finn vegen ned til golvet utan noko hinder, akkurat der ho støvsugde i går. Ho ser på dei med oppgitte auge, veit så alt for godt at det ikkje nyttar å kritisere eller påpeike eller refse, men gjer det likevel.

Etter dei har dratt av garde ryddar ho av bordet og tørkar over spisebord, benken og stolane. Dei rekk aldri å setje kjørlene i vaskemaskinen, uansett kor mange gonger ho minner dei på det. I det ho skal til å henge opp klesvasken får ho eit glimt av seg sjølv i spegelen. Dei mørke ringane under auga har blitt vanskelegare å sminke vekk. Ho byrjar å få djupe rynker både i panna og langs munnen. Huden er blitt tynnare rundt halsen og skuldrene, bleik etter vinterkulda, og både blodårene og beina hennar stikk seg ut. Ho bustar til håret medan ho står der, kikkar bort på brudebiletet som heng i trappa. Saknar ei tid der ho følte seg vakker, saknar kroppen som var mjuk og velforma og fast. Den forsvann etter at Oskar vart fødd.

Ein av grunnane til at ho ikkje lika seg i bygda lenger, var det at ho ikkje fekk til alt. Før ho flytta ut hadde ho leia speidaren og ungdomsarbeidet i kyrkja. I tillegg hadde ho nesten berre toppkarakterar. Det var ikkje før ho kom tilbake, etter sju år på universitetet og gravid i sjette månad, at ho innsåg at ho hadde forandra seg og at bygda hadde erstatta henne. Foreldra hennar likte ikkje Mads, men hadde likevel betalt for bryllaupet. Det held maks to år, hadde dei sagt, og Helene hadde bitt seg fast i denne kommentaren og bestemt seg for at dei skulle helde ut, uansett.

For tre veker gjekk ho til lækjaren og vart sjukemeldt i ein månad. På grunn av søvnproblem sa ho og lækjaren nikka. Ho fekk med seg ein resept på sovepiller, men ho har ikkje gidda å løyse den inn enno. Vasken heng på stativet, ho brukte ein time på å henga dei opp, bretta saman handkleda og setja på ein ny vask med skitne underbukser ho set seg ned i sofaen, krøkar seg saman og set på TV-en. Gardinene er trekt for og ho har låst døra.

– Hallooo, ropar Eirik i det han sleng igjen døra og hiv ranselen på golvet i gangen.
Ho hadde sovna i sofaen med TV-en på.
– Hei, ropar ho søvning tilbake, overraska over at klokka er halv tre allereie. Ho hadde jo eigentleg tenkt seg ut ein tur opp på Storhaugen før middag.
Han seier ikkje noko meir, men spring opp trappa og inn på rommet sitt. Oskar er ikkje heime før om ein time, storskulen sluttar litt seinare på torsdagar. Ho dreg seg sakte opp av sofaen og går ut på kjøkenet. Hiv oppi det meste ho finn i ei gryta; smør og fløyte og feitt og buljong og store stykke av kylling, der feittremsene heng som slim i det ho løftar dei opp frå den gule pakka. Ho målar opp risen og set den på kok før ho dekkar på. Sånn som gode koner trives med å gjere, sånt som gjer at ho ikkje får sova, stressa av at det samlar seg støv i krokane og smular på golvet.
– Korleis var det på jobben, spør Helene når gutane har gått frå middagsbordet.
– Mhm, ok, seier Mads med mat i munnen.
– Du då?
– Ja, ho dreg på det, det er no ikkje noko nytt som skjer, akkurat. Litt meir jobb no som det er ny ordførar og alt, det er det jo.
– Mhm, svarar han og vendte nasen ned mot tallerkenen igjen.
Ho vert sitjande, ser bort på han og tenkjer gjennom alt det ho skulle ynskje at ho kunne seie høgt. At ho treng å komme seg vekk litt. Ho klarar ikkje bry seg stort om gutane lenger, det ser ut til at dei klarar seg sjølv fint. Når berre dei tre er heime lagar Mads pizza og dei leier fire filmar på kiosken. Dei har det heilt fint. Ho er så sliten, men i staden for å seie det og legge seg nedpå litt, tek ho oppvasken for hand og set ein deig før ho set seg ned i sofaen igjen.

Då ho var student hadde ho kunne prate om sånne kjensler. Ho besøkte Bjarte ein gong i veka, han var terapeut. Det hadde vore løyndommen hennar, og for å få råd til det ringte ho heim og sa at ho trengte meir pengar til husleige og pensumbøker. Saman hadde dei holdt depresjonen i sjakk med lange pratar og djupe kaffikoppar, men då han ville snakke om at dette kanskje var noko meir enn ein mild depresjon, ville ho ikkje høyre. Nokre veker etter trulova ho seg med Mads, slutta å snakke med Bjarte og levde i staden på rosa skyer og eit konstant sug i magen etter kjærasten sin. I det siste hadde ho byrja å kjenne eit anna slags sug i magen. Her kjem han igjen, hadde ho tenkt. Sjølv om det var mange år sidan sist, kjente ho han framleis att, den svarte katten som ho kalla den. Ho hadde i nokre år klart å drive han bort med piller og yoga og TV-seriar, men denne gongen hadde ho bydd han inn. Og så hadde depresjonen teke over, og fått henne til å skrumpe og fekk hennne til glede seg til den dagen ho blei borte.

Natt til torsdag fekk ho ikkje sova. Mads snorka allereie då klokka var tolv, og Oskar og Eirik visste ho at sov like djupt som det han gjorde. Helene vart liggande med opne auge i senga, før ho bestemte seg. Ho lista seg ned trappa, den laga ikkje ein einaste lyd. I gangen tok ho på seg treningstightsen, joggaskorna sine og tok ein fleecegenser over nattkjolen. I eit raskt tempo gjekk ho mot skogen som låg redd bak huset. Disig frostrøyk låg over bakkane, det var berre hjorten som kunne sjå ho no. Med faste steg byrja ho på vegen opp fjellet. Pulsen var høg, men ho var på langt nær sliten.

Ho sakka ned i det ho kunne skimte ei hytte i horisonten. Gjekk roleg nærare, berre for å lytte. Ingenting, ho høyrde berre hennar eigen pust og kjente sveittedropar frå håret som draup ned på nakken og glei ned ryggen hennar. Ho jogga ned skråninga bak hytta. Der låg bekken, så vidt opplyst av månen som var i ne. Ho hoppa lett frå side til side på dei lause steinane. Det var iskaldt ute, men adrenalinet pumpa rundt i henne og ho merka ikkje at ho hadde gåsehud på heile kroppen. Ho visste at elva var djup akkurat her. Nokre kilometer lenger nede var det og ein liten foss. Ho stoppa opp ved elvebarden. Ho smilte, snørte av seg joggeskorna og tenkte at eit nattbad midt i vårløysinga.

Vatnet gjorde fleecegenseren tung og kulden trengte seg gjennom det vesle kroppsfeittet ho hadde. Det kjendes ut som om nokon prøvde å kvele heile ho, og ho kunne ikkje unngå å gispe høgt. Ho pressa seg sjølv litt lenger uti, før ho dukka heilt under.

Ti lange sekund etterpå kom ho opp over vassoverflata. Ho skreik høgt og prøvde å springe opp på land igjen, men straumen gjorde det til ein ufrivillig og sakte tralt. Heile kroppen var mørbanka av alt adrenalinet og kulda. Elva hadde ikkje slukt henne slik ho ville, men pressa tusen skarpe tenner inn i ho og spytta ho ut at, ufordøydd.

Først hadde ho tenkt at ho like godt kunne sitje å tørke før ho gjekk ned igjen, etter å ha sitte der i noko som minna om ein halvtime, fann ho ut at det ville ta for lang tid og at ho ville fryse i hel før nattkjolen tørka. Sjølv om ho var ganske medtatt etter nattbadet kom ho seg opp på beina. Berrføtt vandra ho tilbake i mørket, den eine stroppen på nattkjolen hadde røke. På vegen snubla ho heile tida i røter og daude greiner, skrapa seg opp på bein og armar.

Ho kom seg inn og opp på badet, gutane sov framleis. Spegelen avslørte alt. Håret var klissblaut og bustete, og kroppen hennar var oppskrapt og full av blå og gule merke. Framleis skjelvande gjekk ho inn i dusjen, og haldt på å bli skolda av det lunkne vatnet. Det svei, men no fekk ho i alle fall skylt bort skiten. Ho stod der medan gutane gjorde seg klar til å gå, dei ropte ha det og gløymte å låse døra etter seg. Ho skrubba og skrubba og skrubba med såpe og saltvatn og håpte at varmtvatnet aldri tok slutt.